Landbrukstenester Hå

Jordbruksforhandlingar – Jordbruket sitt krav velferdsordningar

Jordbruket sitt forhandlingsutval har i dag lagt fram sitt krav til årets jordbruksforhandlingar. Kravet har ei totalramme på 11,5 milliarder.

Vi er positive til at mange av våre argument er tatt hensyn til i kravet, men meiner at det fortsatt er rom for å gje meir i tilskott til ferie/fritid for norske bønder. 

Krav innan velferdsordningane inneheld blant anna

  • Auke i tilskott ferie/fritid på 10 %. Maks tilskott vil då auke med kr. 8 780 til kr. 96 580 per føretak.
  • Auke i tilskott sjukdom med kr. 430 til ein maks dagsats på kr. 2 100.
  • Auke i tilskott per årsverk landbruksvikar med kr. 10 500 til kr. 294 400.
  • Utvide rett til tilskott til avløysing ved dødsfall frå 8 veker til 12 veker.
  • Innføre ulike endringar i regelverk som allerede er anbefalt.
  • Sette ned ei partsamansatt arbeidsgruppe som fram mot 2023 ser på regelverket ved avløysing ved sjukdom i forhold til formål og avkorting.

I tillegg så ber jordbruket i sitt krav om at øyremerking av 1 million kroner til avløyserkurs må gjeninnførast.

Den del av kravet som gjeld velferdsordningar finn du her.

Heile kravet finn du her.