Nominering av Årets Avløysar 2022

Då er det endeleg tid for å nominere til Årets Avløysar 2022. Nytt av året er at ein treng ikkje meir enn 2 års ansiennitet, noko vi håpar mange yngre avløysarar set pris på.
Som tidlegare år så kan alle nominere den dei meiner fortener å vinne tittelen som Årets Avløysar. Premien er eit reisegåvekort på kroner 20 000.
Slik vil kåringa føregå (alt skjer digitalt):
- Nominasjonsrunde startar 18. mai og vert avslutta 31. juli.
- Fylkeskåring frå midten av august til september.
- Alle som nominert i nominasjonsrunden og er innafor kriteria, skal stemmast på pr. fylke.
- Semifinale frå september til oktober.
- Semifinale består av ein kandidat frå kvart fylke, dei tre med flest stemmer går til finalen.
- Finale frå oktober og fram til ein satt dato. (dato for avslutning kan variere frå år til år).
- Årets Avløysar i Noreg skal stemmast fram blant dei tre som gjekk vidare frå semifinalen.
- Dei tre finalistane vert invitert til NLT si Haustsamling. Her vert vinnaren av Årets Avløysar offentleggjort under festmiddagen.
- Premien til Årets Avløysar er diplom og eit reisegåvekort på heile 20000,-
Lenke til nominasjonen
Klikk her for å kome til nominasjonsskjema
Vilkår for å verte Årets Avløysar
- vere tilsett i eit avløysarlag/landbrukstenester som er medlem i Norske Landbrukstenester.
- ha arbeidd i minst 60% stilling som avløysar/landbruksvikar i minimum 2 år.
- vera ein god ambassadør for yrket, både internt og eksternt.
- kunne arbeida sjølvstendig, ta ansvar og ha ei positiv haldning til yrket og landbruket generelt.
- kandidatar som har vunne prisen i løpet av dei siste fem åra, frå og med 2020, kan ikkje delta.
Vi gjer merksam på at det kan førekome justeringar av datoar under kampanjen.
